Skal bygga ny kommune

Ser fram mot 2020: Odda sine ni representantar til den førebelse fellesnemnda for kommunesamanslåing.

Ser fram mot 2020: Odda sine ni representantar til den førebelse fellesnemnda for kommunesamanslåing. Foto:

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 uker

Odda sine representantar til den førebelse fellesnemnda for kommunesamanslåing er klare.

Les også: Opprettar fellesnemnd

Kommunestyret gjekk onsdag inn for at det vert oppretta ei førebels fellesnemnd i samband med samanslåing av Odda, Ullensvang og Jondal til nye Ullensvang kommune.

Nemnda skal mellom anna sikra politisk koordinering i dei tre kommunane av saker som gjeld kommunesamanslåinga, kommunale tenester, organisering og struktur. Fellesnemnda skal ha 19 representantar fordelt på ni frå Odda, seks frå Ullensvang og fire frå Jondal. Alle representantane vert valde frå dei respektive kommune-/heradsstyra.

Dei ni representantane frå Odda er Roald Aga Haug (Ap), Linda Haugland Jondahl (Ap), Therese Kolltveit Børve (Ap), Johnny Vikne (Ap), Terje Kollbotn (Rødt), Erlend Nævdal Bolstad (H), Anna Maria Kråkevik (H), Anne Marit Buer (V) og Marit Backer-Owe (KrF).

Artikkeltags