Gå til sidens hovedinnhold

Viste ekte speleglede

Innleia vinterferien med mektige og varme tonar

Artikkelen er over 4 år gammel

Hardanger Big Band og Tyssedalkoret inviterte til «Vinter-Swing» i aulaen på Odda vidaregåande skule.

Søndagens felleskonsert var det andre samarbeidsprosjektet mellom koret frå Tyssedal og storbandet frå Jondal.

– Det var kjekt å sjå eit så bra publikum midt i vinterferien. No skal vi synga, spela og ha det moro, sa Eldbjørg Furholt, dirigent i Tyssedalkoret, då ho ønskte velkommen.

Ho nytta og høvet til å gratulera Hardanger Big Band med deira 30-årsjubileum, som mellom anna skal feirast med tre konsertar i Roma.

Les også: Storband i 30 år

Ulike sjangrar

«VinterSwing»-prosjektet med Tyssedalkoret var første post på jubileumsprogrammet.

Både kor og band varta opp med mektige og varme tonar, som raskt fekk publikum til å gløyma regn og kulde.

Tyssedalkoret fekk æra av å opna showet. Dei framførte mellom anna eit par songnummer med heftige afrikanske rytmar.

Deretter var det gjestene frå Jondal sin tur. Leia av dirigent Arild B. Nielsen tok Hardanger Big Band publikum med på ei reise innan ulike sjangrar, frå jazz til populærmusikk, med god hjelp av ulike gjestevokalistar.

Eit av høgdepunkta var «Mustang Sally» med Tommy Tverdal frå Tyssedalkoret. Hans energiske framføring, akkompagnert av eit storband i toppform, fekk det verkeleg til å svinga i aulaen på Eide.

– Den var litt stilig, ikkje sant, sa Nielsen etter at applausen hadde stilna.

«Careless Whisper», kanskje signaturlåten til avdøde George Michael, var eit anna vakkert innslag. Espen Moe gjorde ein flott innsats på vokal, med god hjelp av Angunn Handegard Trå på saksofon.

Medlemmene i storbandet så ut til å storkosa seg og viste ekte speleglede, noko som smitta over på publikum.

Skulle gjerne slått følge

Konserten vart avslutta med Tyssedalkoret og Hardanger Big Band saman på scena, noko som heva det fine musikalske trykket endå nokre hakk.

Furholt takka Nielsen og dei andre i storbandet for det fine samarbeidet, og ønskte jubilanten frå Jondal god tur til Roma neste månad.

Ho la ikkje skjul på at Tyssedalkoret gjerne skulle slått følge på turen.

Publikum rusla deretter ut i kveldsmørket vel vitande om at storband med kor både er fengande og gøy.

Kommentarer til denne saken