Legg ned Vg2 Kjøretøy i Odda

Hordaland fylkesutval har vedteke å legge ned fleire klassar ved dei vidaregåande skulane med låg søknad. Ein av klassane er i Odda.

DEL

Totalt omfattar nedleggingane 21 utdanningsprogram og programområde.

Vg2 Kjøretøy i Odda vert lagt ned i komande skuleår som følge av låge søkartal.

– Det var heilt forventa for oss og me hadde for få søkarar. Totalt sett er det bra med søknader til yrkesfag, men dette kom ikkje som noko overrasking, seier rektor Øyvind Bjørkevoll.

Han opplyser at dette ikkje inneber ei permanent nedlegging av linja, og at dei vil tilby køyretøy til neste år.

– Då kjem det an på søkartal og interesse for linja om me vil behalde ho det året.

Studiespesialisering vg1 ved Austevoll vidaregåande skule, som var tilrådd lagt ned, blir halden oppe av eit samrøystes fylkesutval.

Vg2 automatisering ved Slåtthaug vidaregåande skule, som vart vedteke lagt ned, skal bli søkbart i VIGO neste år, slik at tilbodet kan kome tilbake om det melder seg nok søkjarar.

– Fylkesutvalet vedtek kvart år justering av tilbodsstrukturen ved dei vidaregåande skulane i Hordaland for komande skuleår. Alle dei 21 nedlagde tilboda har for få søkjarar til å fylle opp klassane, heiter det i ei melding frå Hordaland fylkeskommune.

Artikkeltags