Oddaordføraren ber politikarkollegaer om å slutte å krangle om rassikring

2. mai vedtok fylkesutvalet å prioritere rassikring høgast i sitt innspel til Nasjonal transportplan 2022–2033. Oddaordførar Roald Aga Haug (Ap) manar no til tverrpolitisk samarbeid.