Odda-speidarar på landsleir

Lånke, trøndelag: Speidarar frå Odda på leir med gruppebanneret sitt.

Lånke, trøndelag: Speidarar frå Odda på leir med gruppebanneret sitt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sju speidarar frå Odda, pluss speidarleiar Annlaug H. Engmark, er denne veka på landsleir i Lånke, Trøndelag.

DEL

Norges KFUK-KFUM speidarar er samla til landsleir kvart fjerde år. Gjengen frå Odda kom til leirområdet sist laurdag etter ei natt i flott turistbuss.

«Telt vart sett opp, matbord og portal vart reist av raier (trestokkar)», opplyser Engmark i ein e-post.

Landsleiren kan by på mange aktivitetstilbod som morgonsamling i gruppa med flaggutrulling, fellessamling for alle speidarar (nær 5.000 personar ved scena), samt ulike aktivitetar utover dagen. I eit døger er speidarane ute på tur i terrenget og søv under open himmel.

«Eit kjempestort jorde er omgjort til ein telt-by med yrande liv. FUTURA er namnet på leiren. Korleis vil me framtida vår skal bli?» spør Engmark i e-posten.

Leiren varer til 7. juli.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken