Siste loppemarknad

Frelsesarmeen: Edgar Hansen. Arkivfoto

Frelsesarmeen: Edgar Hansen. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Frelsesarmeen arrangerer laurdag loppemarknad i Skulegata for siste gong, men dei vil framleis ta imot enkelte lopper.

DEL

Det er på grunn av mangel på lagerplass at frelsesarmekorpset i Odda no sluttar å arrangere sine loppemarknadar, som har vore eit populært tilbod blant oddingane. Lokala dei har hatt som lager skal totalrenoverast, men dei har ikkje prøvd å leite etter nye lokaler.

– Nei, det passa eigentleg greit dette, seier Edgar Hansen i frelsesarmekorpset.

- Vi er gamle folk, og det er iallfall ingen som vil ta over etter oss, humrar han.

Han skryt av alle som har vore flinke til å levere inn lopper til marknaden.

– Folk er greie. No har vi måtta seie nei til ein del også. Men slikt som koppar, bestikk og liknande kan vi framleis ta i mot. Då sender vi det til Haugesund, og så er det nokre frivillige sjeler der som tar det vidare til Ukraina og gir til folk som har behov for det der. Det same gjeld dersom folk har golvtepper dei tenker å kvitte seg med. Det er det stort behov for i Ukraina, då dei bruker det både til golvet og til å isolere veggar, oppfordrar Hansen.

Alt som blir til overs frå marknaden laurdag vil også bli sendt til Ukraina.

Artikkeltags