Draumekonsert i Bygdahallen på Nå

Av

- Me tek opp at tradisjonen med Songen og musikken sin dag, og inviterar til draumekonsert i Bygdahallen på Nå no på sundag, fortel leiar i Nå musikklag, Kåre Grønsnes.

DEL

- Me kallar det draumekonsert, for det er mest som ein draum, seier Grønsnes og forklarar:

- Konserten er tilskipa med støtte frå Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping. Me var heldige - me vart uttrekte til å få denne støtta.

Tidlegare skipa Nå Musikklag årvisst til «Songen og musikken sin dag», og det er denne tradisjonen som vert teken opp att med ein stor og variert konsert der korpsmusikk, korsong, rock og truleg ein «verdspremiere» finn stad.

Gjester

Brassbandet Holmefjord Musikklag frå Fusa kjem på vitjing. Bandet vart stifta i 1980, og tel i dag 18 musikarar i alderen 35-70 år. Dei har hatt Geirmund Sandven som dirigent sidan starten.

- Dei spelar kanskje litt utradisjonell korpsmusikk; jazz, blues og populærmelodiar, men sjølvsagt har dei og tradisjonell korpsmusikk på notestativa, fortel Grønsnes.

Under draumekonserten kjem dei til å spela fire nummer åleine og to i samspel med vertslaget.

"Kor i Vest" er koret som samlar vestsida, no under leiing av dirigent Oleksandra Golovatska.

I fjor hadde koret og Nå Musikklag konsert på Hardanger Folkemuseum, og no skal suksessen friskast opp. Koret kjem til å ha eigne nummer, men det vil og vera innslag i samklang med Nå Musikklag under draumekonserten.

Ungdom og ny besetning

AG3 - ungdommeleg rock - har fem medlemmer i alderen 11-14 år. Håkon Widding er mentor for rockegruppa som er eit friskt innslag i kulturlivet her på vestsida av fjorden, seier Grønsnes og legg til:

- AG3 deltok på Ungdommens Kulturmønstring i år, og sjølv om dei ikkje vart sende vidare til landsfinalen i Trondheim, verka det som dei vann applausen hjå publikum i Grieghallen då dei spelte der, fortel ein entusiastisk musikklagsleiar.

På konserten får me høyra coverlåtar av Pink Floyd, Kiss og Guns'n Roses.

Som om ikkje dette kunne vera nok, vert det og ein verdspremiére - i alle fall på Nå; framføring av eit arrangement for song, tuba og ukulele. Det er ei sjeldan samsetjing, og kjem nok i kategorien pionermusikk, meiner Grønsnes.

- Dette trur me vert eit innslag som publikum vil hugse.

Musikk og mat

Nå Musikklag sin konsert sundag 28. mai er tenkt som ei hyggjestund i Bygdahallen - med kaffi, kaker og saft i pausane ved sceneskifta. Neste år kan laget sjå attende på sine fyrste 50 år. I dag er det 22 medlemmer i generasjonskorpset, der aldersskilnaden er 63 år. Det er Marcel Totolici som styrar dirigentstokken og får musikantane til å halda både takt og tone.

Ingen grunn til ikkje å ta komande sundag med tonefylgje på Nå.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags