– Viktig for å stoppa lekkasje

Butikksjef Stein Tommy Varberg gler seg til å opna dørene på nyoppussa renovert Expert

Butikksjef Stein Tommy Varberg gler seg til å opna dørene på nyoppussa renovert Expert Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Bernt Christian Mikkelsen meiner ei levande gågate, med eit breitt utval av varer, er nøkkelen til å stoppa handelslekkasje.

DEL

Tysdag opnar Expert dørene til sine nyoppussa lokkaler i gågata.

Les og: Pussar opp og utvidar

– Det er ei utfordrande tid for mange bransjar, og dette er knytt både til netthandel og annan lekkasje. Generelt sett er lekkasjen ut frå Odda hovudsakleg til Haugesund, seier Bernt Christian Mikkelsen.

Han er dagleg leiar for B. Mikkelsen, som altså eig Expert i Odda. Dei er ein av fleire butikkar som den siste tida har pussa opp i gågata.

Les og: – Håpar på oppsving

– Vi gjer dette for at kundane skal ha mykje av det same utvalet som dei får i dei større byane. Når ein går inn i butikken skal ein kunne sjå ulike produkt og velja det ein vil ha, forklarar Mikkelsen.

Utval

Han er glad for at mellom anna også Sport 1 satsar på å gje kundane i Odda eit større og betre utval.

Les og: – Det har vært noen stressende måneder, men det har vært nødvendig for å kunne rekke julehandelen

Den daglege leiaren meiner ei levande gågate er viktig for å få stoppa handelslekkasjen.

– Å ha eit bra utval, slik at folk kan koma til Odda for å kjøpa det dei ønsker seg, er vegen å gå for å stoppa handelslekkasjen. At fleire butikkar satsar betyr at folk ikkje treng å reisa for å få utval, og dette gjeld både sport, elektro, sko og andre ting, kommenterer Mikkelsen.

Artikkeltags