Det er Kunnskapsdepartementet som tek den endelege avgjera om tilbodet skal godkjennast som landslinje.

Odda kommune har i 2012 hatt eit prosjekt der dei har utgreidd moglegheitene for eit tilbod innan smedutdanning.

Den praktiske utdanninga skal skje i Oddasmia og den teoretiske ved Odda vidaregåande skule.

Det er staten som finansierer landslinjene, og tilskotet er todelt, 85 prosent tilskot vert gjeve etter godkjent kapasitet og 15 prosent etter faktisk elevtal. Fylkesrådmannen reknar ut at eit tilskot må liggja mellom 114 000 og 125 000 kroner med ein kapasitet på 15 elevar. Før søknad vert sendt til departementet, skal saka handsamast i Fylkesutvalet som har møte den 26. og 27. september.

– Forhåpentlegvis blir ei landslinje i smedfaget eit tilbod i Odda frå neste haust. Men det er viktig at dette tilbodet kjem som eit tillegg til dei andre yrkesfaga ved Odda vidaregåande skule, og ikkje ei erstatning, sa Terje Kollbotn i kommunestyret.