40.000 norske menn og kvinner har vore med i internasjonale operasjonar dei siste 30 åra. Svært mange kommunar manglar veteranplanar

Av

Trass i at norske kommunar lenge har vore oppmoda om å laga planar for soldatar som har gjort teneste i militære operasjonar i utlandet, er det berre ein liten del av kommunane som har følgt oppmodinga.

DEL

Tal Kommunal Rapport har henta inn, viser at det så langt berre er godkjent 29 kommunale planar for veteranar. I tillegg er det 56 slike planar under arbeid.

– Det betyr at 337 kommunar framleis manglar veteranplanar, skriv avisa.

Trass i at det berre er eit lite mindretal av kommunane som har laga eigne planar for veteranane sine, meiner Forsvarets veteranteneste likevel at kommunane er meir opptekne av saka.

– Det har skjedd mykje positivt dei siste åra med tanke på etablering av kommunale planar og til dømes markeringar i kommunal regi av frigjerings- og veterandagen 8. mai. Dette viser at veteransaka har fått meir merksemd, og at kommunane er medvitne det ansvaret dei har, seier sjefen for Forsvarets veteranteneste, Finn Kristian Hannestad, til avisa.

Ifylgje avisa finst det også fleire døme på at kommunane vel å samarbeida om å laga veteranplanar. I Hallingdal skal til dømes kommunane Ål, Hol, Gol, Nes, Flå og Hemsedal samarbeida om ein slik plan.

Kommunepolitikar i Gran Rune Meier (H) meiner kommunane som ikkje har laga eigne veteranplanar, bør kunna henta råd og inspirasjon frå andre kommunar som har laga slike planar. Han meiner dessutan det kan vera lurt å ikkje leggja lista for slike planar for høgt og gjere dei for omfattande. Samtidig meiner han ein god plan bør innehalda konkrete forslag til korleis ein skal heidra veteranane og ta vare på ekssoldatane og familiane deira.

Ifylgje Kommunal Rapport har meir enn 40.000 norske menn og kvinner vore med i internasjonale operasjonar dei siste 30 åra.

Artikkeltags