Prisane som vert utdelte er Opedal-prisen og Odda Mållags Nynorskpris. Det er Halldor O. Opedal sitt ålmennyttige fond som står bak Opedal-prisen.
Opedal-prisen
Opedal-prisen gjekk dette året til Sølve Eidnes i klasse 3AAb ved Odda Vidaregåande Skule. Dette var den 20. gongen skulen fekk ansvaret for utdelinga. Kristen Daniel Eitrheim delte ut prisen på vegne av fondet.
- For ein månad sidan sende eg ein e-post til leiaren for fondet, Inge Kristoffersen. Svaret eg fekk var sjølvsagt ikkje meint offentleggjort, men eg kan lesa delar av det likevel, sa Eitrheim.
- Eg synes dette er ein verdig vinnar. Eg kjenner han best frå faga matematikk og naturfag, og han har fortent prisar der og, stod det i e-posten frå Kristoffersen. Eidnes fekk overrakt diplom og ein sjekk på 2000 kroner.
Nynorskprisen
Det var Eitrheim som stod for utdelinga av Odda Mållags nynorskpris også.
- Nynorskprisen er ein heider for god og sikker bruk av nynorsk i alle fag, sa Eitrheim. Den eleven mållaget meinte hadde utmerka seg særskild dette året var Anna Gursli Langesæter, også fra klasse 3AAb ved skulen. Til liks med Eidnes fekk ho og eit diplom og ein sjekk på 2000 kroner.
Oppmuntring
- Pengane de mottek er meint som ei oppmuntring til å halda fram med god nynorskskriving. Det meinar eg er lurt - det har i allefall gått bra for mi eiga del, avslutta Eitrheim etter utdelinga. Prisvinnar Eidnes har inga klar formeining om kva han skal bruka pengane til, og fortalde at han skulle setja dei på konto. Langesæter har derimot planar om å bruka pengane til noko fornuftig, men akkurat kva har ho ikkje bestemt seg for endå.