Her er det lågast arbeidsløyse

Sjølv om det er relativt mange oljearbeidarar i Eidfjord, har kommunen færrast arbeidsledige i Hordaland. Nav-leiar Gunvor Hopen Veka er klar over at det kan endra seg, men seier at dei ikkje har gjort noko for å førebu dette.

Sjølv om det er relativt mange oljearbeidarar i Eidfjord, har kommunen færrast arbeidsledige i Hordaland. Nav-leiar Gunvor Hopen Veka er klar over at det kan endra seg, men seier at dei ikkje har gjort noko for å førebu dette. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Eidfjord er den kommunen i Hordaland med minst arbeidsløyse. Deretter følger Ullensvang. Nav trur næringssamansetninga er årsaka.

DEL

– Heile regionen skil seg ut med å ha lågare arbeidsløyse enn dei til dømes har i dei oljetunge regionane. I vest og Nordhordland er det 3,3 prosent arbeidsløyse, medan ein i Hardanger og på Voss er nede på totalet, seier Tommy Johansen, som er assisterande fylkesdirektør i Nav Hordaland til HF.

I ei pressemelding skriv dei at arbeidsløysa i Hordaland var 2,9 prosent av arbeidsstyrken i oktober. Eidfjord (0,8%), Masfjorden og Ullensvang (begge 1,1%) har færrast ledige i fylket.

– Det er nok næringssamansetningen som er årsaka, forklarar Johansen, og legg til at det særleg på Voss og i Hardanger er mykje knytt til hotell og reiseliv.

Kronekurs

For desse er den låge krona positiv, medan den er negativ for oljebransjen. Stader sterkt knytt til olja er hardare råka av arbeidsløyse.

Gunvor Hopen Veka, leiar for Nav i Eidfjord, fortel at dei har høvevis mange oljearbeidarar, men at dei ikkje har merka noko til arbeidsløyse blant desse så langt. Ho legg til at dei førebels berre har vanleg sesongarbeidsløyse, som er vanleg frå hausten og fram til våren.

91 i Odda

– Medan arbeidsløysa i landet totalt auka med elleve prosent samanlikna med oktober i fjor, har Hordaland ein auke på 28 prosent. Berre Rogaland og Møre og Romsdal har sterkare auke i arbeidsløysa samanlikna med fjoråret. Hordaland, som tradisjonelt har hatt lågare arbeidsløyse enn landssnittet, ligg no på snittet på 2,9 prosent, heiter det i pressemeldinga.

I oktober var det høgst arbeidsløyse i Sund (4,1%), Stord (4,0%) og Radøy (3,9). I Odda var det 91 arbeidsledige, som utgjer 2,6 prosent.

I Jondal var det den same månaden 8 personar utan arbeid, som utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken. I Eidfjord var fire utan jobb, og i Ullensvang 20.

– Det er ei klar auke i lediggangen frå førre månad, og utviklinga er i tråd med prognosane til Nav Hordaland for 2015. Det er forventa at auken i lediggangen vil halda fram ut 2015 og godt inn i 2016, heiter det vidare i pressemeldinga.

For augneblikket er det over 12.000 arbeidssøkarar i fylket, fordelt på heilt ledige, delvis ledige og personar på tiltak. Nav opplyser at dei har fleire tiltak.

Artikkeltags