– Me har ansvaret

Anton Langeland Teknisk sjef i Odda kommune.

Anton Langeland Teknisk sjef i Odda kommune. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Eg trur diskusjonen har vore på eit anna nivå, og at saka ikkje har fått det fokus ho fortener.

DEL

Det seier Anton Langeland, kommunalsjef teknisk sektor i Odda etter møtet mellom kommunane og veterinærane i Indre Hardanger veterinærdistrikt førre veke.

Det kom i stand etter at veterinærane ropa eit kraftig varsku. Dyrehelsa står på spel dersom veterinærtenesta raknar.

No ber veterinærane dei ansvarlege ta grep for å sikra både dyrehelse og tilfredsstillande inntekt.

Erkjenner ansvar

– Har de vore klar over at ansvaret ikkje berre for folks helse, men og for dyrehelse- og velferd ligg på kommunane?

– Kommunane er klar over og erkjenner ansvar i høve dyrehelsepersonell-lova. Me er og kjende med at andre kommunar har incentivordningar for å tilfredsstilla at veterinærane får inntekt for jobben dei gjer og ansvaret dei har, svarer Langeland, og legg til:

– Eg trur deler av landbrukstenesta har hatt kunnskap; som Ullensvang som har handtert den statlege stønadsordninga, men eg har ikkje fått kjennskap til saka før den no kom på bordet mitt som ei stor utfordring og eit faktisk problem.

Han viser til dei statlege tilskotsordningane som det er kommunane sitt ansvar å søke på kvart år – og konstaterer at dei ikkje er nok.

Med lågt og fallande dyrehald i distriktet er det umogleg å ha leveleg inntekt, men ansvaret for å vera tilgjengeleg er der like fullt.

Odda sin ansvarlege for feltet meiner at møtet førre veke var på rett nivå, og vurderer det som eit godt møte.

Tek tak

– Me tek sikte på å drøfta krav og innspel frå veterinærane parallelt administrativt i dei einskilde kommunane før eit felles møte. Me må koma fram til ei ordning som er god nok og rett – og så gå i dialog med veterinærane igjen. Dette er eit finansielt spørsmål som i siste instans må opp og avgjerast politisk, slår Langeland fast. 

– Mellom anna skal me diskutera om det er fornuftig å endra grensene for vaktdistrikta, sidan samferdsleårene er annleis i dag enn det var då distriktskarta vart teikna. Endring vil påverka alle partar.

– Dette er eit lovpålagt ansvar me ikkje kan velja  vekk. Me er klar over at det hastar med å finne løysingar – både på kort og lang sikt, seier Langeland.

Artikkeltags