Går mot rekordår for lemen. Førre gong kunne ein sjå spora frå verdsrommet

LEMEN: I år kan det bli eit nytt rekordår for lemen i fjellet.

LEMEN: I år kan det bli eit nytt rekordår for lemen i fjellet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ifølge forskarar beitar lemen så hardt på vegetasjonen at det synest frå verdsrommet.

DEL

– Vi har allereie fått meldingar om mange observasjonar. Vi har også sjølv sett mykje lemen og lemenspor på snøen, så alt tyder på rekordår i store delar av Norge frå Nord-Trøndelag og sørover.

Det seier seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking, Nina E. Eide, til NRK Trøndelag.

Fryktar at bestanden vil kollapse

– Når vi ser meir enn 20 spor etter lemen per kilometer, så er det truleg eit dårleg teikn. Det kan tyde på at det allereie er for mange lemen under snøen, slik at dei må søke seg ut til nye område. Det er ikkje så heilt lett når snøen ligg djup og andre dyr leitar etter mat i fjellet, seier Eide.

Dermed fryktar forskarane at bestanden kan kollapse.

Ifølge forskarane beitar lemen så hardt på vegetasjonen at det synest frå verdsrommet. Førre toppår, i 2011, kunne nemleg dokumenterast på satellittbilde.

Ønsker tilbakemeldingar

– Det kan sjå ut til at lemena opnar landskapet, held busker nede og gjødslar jorda, seier Nina E. Eide.

No ønsker ho og dei andre forskarane å få tilbakemeldingar frå folk når dei ser lemen i fjellet på artsobservasjoner.no.

– Slike data kan ha enorm verdi for forskinga, dersom det kjem inn nok observasjonar spreidd i tid og rom, meiner Nina E. Eide.

Ifølge forskning.no regulerast lemenbestandane av kor mykje mat dei har, altså mose og gras. I tillegg likar dei kalde og snørike vintrar, fordi dei kan yngle under snøen.

Artikkeltags