Søndag 23. oktober arrangerte Dalen velforening årets siste dugnad med å passere ein milepel. Frå hausten 2014 og fram til søndag hadde gjengen i Dalen jobba 999 arbeidstimar på leikeplassen.

Små og store var med å feira arbeidstime 1000 med kaffi, saft og bollar frå baker Reidunn Bakketun. Tusen timar har bl.a. ført til ballbinge, grillhytte, sandkasse, sklier, disser, klatrestativ, klatrevegg, zipline, sykkelløype og ulike apparater. Dalen vel er stolte og glade for all jobben som er gjort, og vi vil takke alle som har vore med på dei tusen timane som no er historie. Det rettast også ein stor takk til Odda kommune som har vore ein avgjerande samarbeidspartner heile vegen, står det i ei pressemelding.