Fann ukjent bunad i Odda

BUNAD: Frå Ullensvang/museet på Skredhauen.

BUNAD: Frå Ullensvang/museet på Skredhauen.

DEL

Jonsokbrurebunader i dei sju Hardangerkommunane vert registrert på Hardanger Folkemuseum frå 1. april til og med 4. april, men allereie no har fleire «skattar» har dukka opp.

– Ein fortset arbeidet med å få laga eit hefte med utval av arbeid på jonsokbrurebunadene. Alle dei som vil kan få deira jonsokbrurebunader registrert på Hardanger Folkemuseum, seier Anne Lutro som arbeider med innsamlinga.

Når museet har registrert bunadene dei har oppspora, vil dekorasjonsfelta på bunadene bli fotografert, forstørra opp og eit utval brukt til trykk.

– I arbeidet med å registrere jonsokbrurebunader, har ein oppdaga fleire ukjente kulturskattar. No leiter vi etter endå fleire som ein ønskjer å ha med, seier ho.

Seinast i førre veke vart det oppdaga ein «ukjent» jonsokbrurebunad i Odda-området.

Når prosjektet er ferdig vert det fleire utstillingar av bilda. Ein nemnd vil bli sett ned og jobbe fram eit hefte eller bok til trykk i 2020, fortel Lutro.


Artikkeltags