Best før, men ikkje dårleg etter

SØPPEL: Matsvinn.iLLUSTRASJONSFOTO: mETTE bLEKEN

SØPPEL: Matsvinn.iLLUSTRASJONSFOTO: mETTE bLEKEN

Korleis kaste mindre mat? Tysdag kveld skal det haldast føredrag på Odda bibliotek om matsvinn.

DEL

Føredraget skal handle om korleis ein kan leva eit grønare kvardagsliv.  «Best før, men ikke dårlig etter» er i fokus.

Føredragshaldar er Mette Nygård Havre, og er eit samarbeid med Hordaland Fylkesbibliotek.

Nygård Havre vart i 2016 kåra til «Årets markedsfører» av Salgs- og reklameforeningen i Bergen.

Prisen fekk ho for å ha gjort avfall til noko moro gjennom sin jobb som kommunikasjonssjef i BIR AS.

Same året starta ho folkerørsla «Spis opp maten». Ho har bakgrunn som journalist i TV2, og er ein aktiv debattant i media.

Ho har gjort avfallsreduksjon til ein livsstil, og har eit eige selskap kalla «Grønne verdier».

Gjennom sitt engasjement for miljøet har ho fått Q-meieria til å endre datomerkinga på mjølk til «Best før, men ikke dårlig etter».

No har ho nærare 30 000 følgarar i sosiale medium, og har gjennom desse kanalane samla mykje kunnskap om korleis motivere og inspirere til haldningsendringar.

Det same føredraget skal òg haldast i Ullensvang seinare i vår.

Artikkeltags