Gå til sidens hovedinnhold

Sjå glimta frå vinterdagen i Eidesåsen barnehage

02. februar 2019, kl. 15:57

Fredag hadde Eidesåsen barnehage vinterdag, med ski og ulike aktivitetar. Borna kosa seg i snøen og grilla til lunsj. Menyen var indianarbrød, pølse i brød og kakao. I avdeling for dei eldste er Tina Bay pedagogisk leiar, og ho har ei fortid som langrennsløpar. Då vert det mange kjekke skiaktivitetar for borna.