Gode tal for Tysnes Sparebank

Banksjef Dag Sandstå med Greta Lothe, som er ansvarlig for Tysnes Sparebank sin avdeling i Odda. Arkivfoto: Ernst Olsen

Banksjef Dag Sandstå med Greta Lothe, som er ansvarlig for Tysnes Sparebank sin avdeling i Odda. Arkivfoto: Ernst Olsen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Tysnes Sparebank la førre veke fram sitt halvårsresultat for 2017.

Resultat før tap og skatt er på 10 millionar kroner, noko som er om lag ein million kroner meir enn på same tid i fjor. Det skriv banken i ei pressemelding.

Tysnes sparebank har hovudkontor i Våge (Tysnes), og har etablert møteplassar i Odda og Rosendal. I tillegg har dei salskontor på Stord, Husnes og Lagunen.

– Å vera lokalt i bygder og byar er noko både privat- og bedriftskundar set pris på. Auken i talet på kundar det siste året er ei god stadfesting av dette, skriv dei.

Banken har fått inn meir enn 100 millionar kroner i nye innskot det siste året. Utlånsveksten er på 26 prosent.

Artikkeltags