Publikumsrekord på Litteratursymposiet

Mange arrangement: Over 100 arrangement gjekk av stabelene i Odda forrige veke.

Mange arrangement: Over 100 arrangement gjekk av stabelene i Odda forrige veke. Foto:

8140 publikummarar besøkte Litteratursymposiet i Odda sine 100 arrangement førre veke.

DEL

1720 av desse var born og unge i skular og barnehagar i Odda og Ullensvang. 

Den førre rekorden var på 8047 og var frå 2011. 

Billettinntektene passerer 600 000 kroner men vert truleg noko mindre enn i fjor, då Litteratursymposiet selde billettar for 665 000 kroner.

– Fint å slå den gamle rekorden. 2011 har vore vanskeleg å slå. Det året var tema Bråk. Vi hadde store skuleførestillingar, og det var det året Sentralbadet Litteraturhus opna som landets 2. litteraturhus, seier festivalleiar Ingvild Ystanes i ei pressemelding.

Festivalleiar Ingvild Ystanes

Festivalleiar Ingvild Ystanes



– Alle andre er jo opptatt av rekordar. Vi har vore mest opptatt av å lage ein så god festival som mogleg. Ambisjonen var eigentleg å ta det noko ned, men det gjekk berre sånn passe bra. Ekstra kjekt då at vi fyller opp og at det var fleire arrangement vi måtte vise folk som ikkje hadde billettar vekk, det var fullt. I tillegg til 100 arrangement har vi lyssett store deler av smelteverket og opna opp nye bygg for publikum.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags