4000 dyr sør for Kvenna

HOLEDYR. Ein bukk har falle på Vestvidda. Her vert han flådd av frå venstre Åsmund Nedrevåg, Johannes H. Sekse og Erling Børve -  ved Veivatnet sundag kveld.
Foto: Jarle Skogheim

HOLEDYR. Ein bukk har falle på Vestvidda. Her vert han flådd av frå venstre Åsmund Nedrevåg, Johannes H. Sekse og Erling Børve - ved Veivatnet sundag kveld. Foto: Jarle Skogheim

Artikkelen er over 8 år gammel

Oppsynssentralen på Skinnarbu kan nå melde at det er rundt 4000 dyr sør for Kvenna

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

23. september

Vi får nå melding om at hovedtyngden av dyra, rundt 4000, er i området sør for Kvenna. Det dreier seg stort sett om området rundt Ugleflott.

Du kan og få oversikt over kor dyra står på dette kartet frå Numedalsnett

Artikkelen blir oppdatert.

Måndag 14. september kl. 15.30:

Mange av dei som var til fjells i løpet av helga har jakta godt. Dyra begynte å trekkje vestover torsdag og fredag, så mange som 4000 var på veg vestover. Om lag eit par tusen av dei kryssa grensa til Hordaland på laurdag. Og på søndag var det dyr så langt inn som Viersla så då vart det jakta bra også i Eidfjord statsallmenning. Det vart jakta både i Røldal, i Odda i Bjødnaområdet, og på Hansbu.

- Framleis er det ein flokk på om lag 800 dyr på Grotflott i Eidfjord, melder Lars Inge Enerstvedt frå oppsynssentralen på Skinnarbu.

Onsdag 9. september kl. 1030:

- Grunna dårleg vêr blei det ikkje mange observasjonane i går, melder Sverre S. Tveiten i oppsynssentralen.

Observatørar er no ute og sjekkar forholdene.

- Vi har ingen oversikt foreløpig, men håpar det betrar seg ut over dagen, fortel Tveiten.

Oppsynssentralen fortel at det i går vart observert vel 1000 dyr sør for Gunleiksbuvatnet i Telemark. Tveiten er og usikker på om vêret er godt nok til at dyra kjem over til Hordaland.

- Det spørst, meiner han.

Søndag 6. september:

Fjelloppsynet ved Lensmann Arve Bjerke i Nore og Uvdal melder om 3000 dyr på veg i sørvestlig og sørøstlig retning søndag ettermiddag. Fjelloppsynet formidler siste værvarsel: Fram til onsdag er det meldt sørlig vindretning, mens det fra onsdag til fredag er bebudet dreining til vestlig.

Da er det håp om at dyra trekker mot og over grensa til Hordaland.

Tidlegare oppdateringar:

- Enno lite aktivitet heilt vest. Rundt 1000 dyr passerte ved Lågaros i helga, kan Sverre S. Tveiten hos Oppsynssentralen fortelle.

Du kan og få oversikt over kor dyra står på dette kartet frå Numedalsnett

Laurdag, sundag - natt til måndag 31. august:

- I går var det mykje dyr aust om grensa ved Sjugsjåen og vestover mot Blånuten. Nordsida Kvennadalen, opplyser Oppsynssentralen på Skinnarbu.

Sentralen har og fått melding om at kanskje 50 dyr passerte området rundt Hansbu same døgeret.

Til no har reinen stått tett opp mot fylkesgrensa frå øst. Vêrutsiktene gjev teikn til at vinden no endrar seg.

- I går var det ein del vind frå vest. Ut frå værmeldinga står det mykje på sørleg vind framover, melder sentralen.

Denne helga har det og passert rundt 1000 dyr rundt Lågaros i Nummedal.

- Det er ikkje voldsomme mengder heilt vest, men ein kan spore litt aktivitet i nærområdet til Hordaland, blir HF informert om.

Fredag 28. august:

- Det er lite meldingar frå vest, opplyser Sverre S. Tveiten, som er attende som oppsyn på Hardangervidda. Hovudtyngda av dyra står i sør og aust. Det var dyr opptil Bjornesfjorden men dei trekte mot aust og søraust.

Elles er det eig græle ver, seier han.

Essensen i kartet frå Numedalsnett er at det stod tre mindre flokkar på rundt 700 dyr ved Eldsjådalen vest for Lågaros med vestleg trekk. Det var onsdag kveld.

Torsdag var det sett dyr rett aust for Lågaros, og ein del lenger aust mot Mårbu.

Altså lite liv på våre trakter av vidda.

Måndag 24. august

Litt lokal jakting

I helga vart det jakta litt sporadisk i heimfjella aust for Sørfjorden. Det var såkalla holedyr som var uheldige å treffa på heldige jegrar.

Elles vart det også jakta litt i Hansbu. Men hovudtyngda av dyra står sør og aust.

Måndag kveld var minst 800 dyr på trekk nordover. Dei vart observert like sør og aust for Lågaros. Litt lenger aust var det også ein del dyr på trekk nordover. I firetida sundag ettermiddag vart det observert eit ukjent antal dyr aust for Blyvarden. Lenger sør og aust vart det observert tre flokkar på nordsida av Songavatn og to fiokkar aust for nordenden av Møsvatn.

Søndag 23. august:

Mye reinsdyr

Ved 18 tiden søndag meldes det om mye reinsdyr ved Kallungsjå og Gjuvsjå ifølge Numedalsnett.

Oversikt søndag kveld:

Ca 50 dyr ved Songa i 12 tida lørdag.

Ca 200 dyr i Berudalen, ca 400 dyr ved Grasdalen.

To flokker ca 300 dyr i Slettedalen søndag.

Fredag 21. august

Spreidd med dyr

Knut Nylend ved oppsynssentralen på Skinnarbu har lite nytt å melda fredag ettermiddag.

I fylgje Numedalsnett, skal det ha vore observert ein flokk i Lakadalane opp mot Nordmannslågen/Besso, men det har ikkje oppsynet fått verifisert.

Fredag meldte Nylend at det har vore og vert jakta ein del i Telemark i området ved Briskevatn, Gunnleiksbutjørn sør for Kvenna.

Det skal også vera ein del dyr på nordsida av Kvenna, ikkje inn på Hordalandssida, seier han.

Mellom anna var det sett eit par flokkar ved Skyttarfossen torsdag. Elles er det litt spreidd med dyr sør og aust på Vidda.

- Det verkar som om det er lite folk på jakt, seier Nylend.

Torsdag 20. august:

Litt dyr mot grensa

- Dårleg ver gjer at det er lite jegrar på Hardangervidda denne fyrste jaktdagen, melder Statens Naturoppsyn (SNO), frå oppsynssentralen på Skinnarbu torsdag.

Mellom anna ligg skodda tjukk. Det har derimot vore sett nokre få, små flokkar opp mot Hordalandsgrensa ved Skyttarfossen aust for Hansbu. Elles har det vore sett sleper i myrane i retning Bjørnabotnen.

Meir presise meldingar vil nok koma etter som jakta kjem skikkeleg i gang.

Artikkeltags