Kva meiner oddingar om 17. mai-planane?

NASJONALDAG: Her, på smelteverkstomta vest for Ovn 3, kan det bli 17.mai-feiring neste år.

NASJONALDAG: Her, på smelteverkstomta vest for Ovn 3, kan det bli 17.mai-feiring neste år. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Arrangørane planlegg å redusera til eitt 17.mai-tog, og flytta feiringa til Smelteverkstomta.

DEL

Som HF har skrive tidlegare, vil 17-mai-arrangørene i Odda Fotballklubb innføra eitt hovudtog, og flytta neste års feiring av nasjonaldagen til Smelteverkstomta.

Me tok ein tur i sentrum av Odda for å høyre kva folk synest om desse planane. Her er kva dei svarte:

Asbjørn Rønhovde

Det er ingen dum idè. Eg synest det høyrest bra ut.

Tara Andersson

Det vil vi ikkje ha. Ni-toget er ein del av barndommen, og det er stygt på Smelteverket.

Rolf Kvarme

17. mai må  vera i Hovden. Om det blir drittvêr, kan vi vera under Skalltaket.

Ellen Marie Strand

Å ta vekk barnetoget blir som å ta vekk eit minne. Hovden er ein fin plass, med norsk natur.

Sjur Jøsendal

Det er idiotisk, vi må ha det som det alltid har vore. Det er mykje finare i Hovden.

Artikkeltags