Eitt tema dominerer 1. mai: Odda sjukehus

Vil ha stormarkering 1. mai: Terje Kollbotn, Leif Hernes, Tommy Pedersen Tverdal, Ørjan Andersson, Veronica T. Varberg, Gard Folkvord og Andreas Jacobsen er alle medlemer av det  nye LO-styret i Indre Hardanger. Dei håpar å sjå eit folkehav på Lindeplassen 1. mai.

Vil ha stormarkering 1. mai: Terje Kollbotn, Leif Hernes, Tommy Pedersen Tverdal, Ørjan Andersson, Veronica T. Varberg, Gard Folkvord og Andreas Jacobsen er alle medlemer av det nye LO-styret i Indre Hardanger. Dei håpar å sjå eit folkehav på Lindeplassen 1. mai.

Artikkelen er over 2 år gammel

Andre viktige saker vert lagt til sides. LO i Indre Hardanger vil konsentrera seg om Odda sjukehus som den berande saka dei håpar tusenvis vil samla seg om i Odda måndag 1. mai.

DEL

– Det er viktigare at folk møter opp på 1. mai og viser si støtte til Odda sjukehus den dagen, enn å få nesten 13.000 tilhengarar på Facebook, presiserer Veronica T. Varberg.

Torsdag kveld vart ho attvald som ungdomstillitsvald i LO-styret i Indre Hardanger. Dagen etter var ho og fleire av styremedlemmene samla i LO-huset i Odda for å presentera programmet for 1. mai i Odda.

– 1. mai vert sjukehusets kampdag i år, kommenterer Tommy Pedersen Tverdal, også han ungdomtillitsvald.

Attvald LO-leiar, Terje Kollbotn, seier det vil bli ei tverrpolitisk markering 1. mai. Han har fått tilbakemelding frå folk som aldri tidlegare har gått i 1. mai-tog om at dei stiller i år.

Arrangørane reknar med brei mediedekning frå Odda denne dagen. Men ein føresetnad er sjølvsagt at det kjem mange menneske som viser kor mykje sjukehuset betyr.

– NRK har vist stor interesse, seier Kollbotn.

Har invitert rikspartia

LO i Indre Hardanger har sendt ut invitasjon til alle rikspartia i Norge ved sine partileiarar, eventuelt nestleiarar og helsepolitiske talspersonar, til årets 1. mai-markering i Odda.

Til no har desse takka ja til invitasjonen: Olaug V. Bollestad, nestleiar i KrF og medlem av Helse- og omsorgskomiteen, Kjersti Toppe (Sp) medlem av Helse- og omsorgskomiteen, Ruth Grung (Ap) medlem av Helse- og omsorgskomiteen, Oddny Miljeteig, avtroppande nestleiar i SV og Marie S. Martiniussen, 1. nestleiar i Raudt.

Søndag kveld stadfesta nestleiar Terje Breivik i Venstre at han kjem til Odda 1. mai.

Rikspolitikarane kjem til å få tre minutts taletid kvar på Lindeplassen etter 1. mai-toget, og eventuelt eit par minutt til å svara på eventuelle spørsmål som kjem frå andre sentrale sjukehusforkjemparar.

Fredag hadde Høgre enno ikkje gitt lyd frå seg. Frp hadde meldt tilbake at Siv Jensen er opptatt med tale på Youngstorget i Oslo 1. mai, men at partiet jobbar med å finna ein sentral politikarar dei kan senda til Odda. Miljøpartiet De Grønne (MDG) har sagt dei støttar Odda sjukehus, men ikkje har ressursar til å senda personar til Odda.

Underskriftskampanje

Ved sidan av gruppa «Kampen for Odda sjukehus» på Facebook, har LO ein pågåande underskriftsaksjon både digitalt og på papir. Lister er lagt ut på daglegvareforretningane. Desse listene vert sendt til helseministeren og til Stortinget. Og talet på innkomne underskrifter verta kunngjort 1. mai.

Både før og etter 1. mai-toget vert det program på Lindeplassen, solidaritetsgudstjeneste, kransepålegging på Rådhusplassen og Lindeplassen, palestina-appell, dikt og andre kulturinnslag før hovedtalen til LO-sekretær Are Tomasgard. Der kampen for akuttkirurgien og lokalsjukehuset blir sentral del av talen.

– Når salutten går klokka 15 oppe i fjellsidene, då går det vi håpar skal bli vår tids lengste 1. mai-tog frå Lindeplassen og opp til sjukehuset, seier LO-leiaren.

Artikkeltags