Gå til sidens hovedinnhold

Klar tale til komiteen

Artikkelen er over 4 år gammel

Ikkje rom for kompromiss når det gjeld gjeld fortsatt og varig akuttkirurgisk døgnberedskap ved Odda Sjukehus, skriv LO i Indre Hardanger.

Komiteen behandlar i desse dagar representantforslaget som etter planen skal opp i Stortinget 15. mai. LO-leiar Terje Kollbotn seier dei ventar ei innstilling frå komiteen i løpet av måndag eller tysdag.

I LO i Indre Hardanger sitt høyringsfråsegn til komiteen, skriv dei dette:

«LO i Indre Hardanger viser til tverrpolitiske fråsegner frå kommunestyra i Odda, Jondal, Ullensvang, Kvinnherad og Etne, frå Hardangerrådet, frå Hordaland fylkesting og frå ei lang rekkje organisasjonar i og utanfor LO (inkludert LO sin fylkeskonferanse i Hordaland), og frå heile næringslivet. Desse samstemte råda frå lokalsamfunnet og andre deler av Hordaland, må Helse- og omsorgskomiteen og resten av Stortinget leggje avgjerande vekt på. Vi vil gjerne løfte saka opp på den rikspolitiske dagsorden for at folkeviljen i Indre Hardanger nok ein gang skal vinne fram i denne saka i løpet av vårsesjonen 2017».

LO har også invitert rikspolitikarane som hald appellar 1. mai i Odda til også å delta ved Stortinget 15. mai.

I eit brev til politikarane takkar dei for deltakinga 1.mai, og ønskjer lukke til med sakshandsaminga.

«Etter vårt syn er det ikkje rom for kompromiss når det gjeld fortsatt og varig akuttkirurgisk døgnberedskap ved Odda Sjukehus, som vi har hatt i 99 år», skriv dei.

Dei skriv også at dei vil følgje med på kvart ord som blir sagt i debatten på Stortinget, og følgje saka til røystinga er over.

LO i Indre Hardanger arrangerer bussar frå Odda til Oslo i høve stortingshandsaminga 15.mai.

Kommentarer til denne saken