Må feia bort all tvil

Helseminister Bent Høie på besøk på Odda sjukehus. Foto: Eivind Dahle Sjåstad

Helseminister Bent Høie på besøk på Odda sjukehus. Foto: Eivind Dahle Sjåstad

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarSidan i fjor haust har det i Indre Hardanger vore ei sak som verkeleg har prega nyheitene her lokalt men òg nasjonalt. Med regjeringas helse – og sjukehusplan vart framtida til Odda sjukehus brått usikker då regjeringa teikna det nye sjukehuskartet og la inn strengare krav for kva sjukehus som skulle ha akuttilbod. I tre instansar vart det fleirtal for at det akuttkirurgiske tilbodet skulle leggjast ned, men utruleg nok greip helseminister Bent Høie (H) seinare inn og gjorde det klart at sjukehuset likevel skal ha akuttilbod.

Sigeren har vore feira, men tvilen har vore sterk hos fleire. Spesielt har ordlyden både skriftleg i dokumenta og munnleg frå ulike politikarar vore mogleg å tolka i fleire retningar. I det reviderte oppdragsdokumentet til Bent Høie går det klart fram at «sjukehuset skal kunna handtera situasjonar med alvorleg sjuke eller skadde pasientar, og stabilisera for vidare transport». Det betyr i praksis at Odda framleis skal ha eit akuttsjukehus.

Talsmann for aksjonsgruppa, Trygve Bolstad, er likevel klar på at den lokale aksjonsgruppa skal bestå og at dei skal følgja med på prosessen vidare. Slik vi forstår det skal det no utarbeidast ein beredskapsplan i samarbeid med dei tilsette ved sjukehuset, kommunen og eventuelt andre aktørar.

Argumenta som har vore nytta i saka, nemleg at ein i Hardanger har lang veg til andre sjukehus og at det ofte er dårleg vêr og stengde vegar, må altså møtast med ein plan. Det er nok lurt, men vi meiner det òg har komme fram argument frå helseføretaka som ein må sjå nærmare på. Styreleiaren i Helse Fonna uttala nemleg at moglegheita for eit berekraftig tilbod i Odda ikkje er til stades og at det ikkje er forsvarleg å behalda tilbodet i Odda.

Det meiner vi er urovekkjande. Vi har i denne saka tidlegare meint at dei tilsette sine synspunkt må vega tungt fordi det er dei som sit på den beste sjukehusfaglege kompetansen. Planen som no skal utarbeidast må innehalde så gode og konkrete tiltak og vurderingar som mogleg, slik at ein kan feia bort all tvilen som mange av styremedlemmene i Helse Vest og Helse Fonna hadde då dei handsama saka.

Artikkeltags