Aksjonsgruppa for Odda sjukehus: – Det er viktig at vi held nøye auge med situasjonen

Odda sjukehus:Arkivfoto: Ernst Olsen

Odda sjukehus:Arkivfoto: Ernst Olsen

Artikkelen er over 2 år gammel

Kommunikasjonssjef i Helse Fonna seier at det ikkje ligg føre særskilde sparetiltak i Odda, men at alle sjukehusa må halde seg til budsjetta.

DEL

Helse Fonna-kutt– Vi brukte 40 millionar kroner for mykje i sommar. Det betyr at målet vårt om eit budsjettoverskot på 40 millionar må endrast. For å klare overskotet som no er justert til 30 millionar må alle sjukehusa halde seg til dei opphavlege budsjetta som vart lagt i fjor, seier kommunikasjonssjef Margareth H. Langebro i Helse Fonna.

Sett i gang tiltak

Meirforbruket til helseføretaket vart kjent etter styremøtet på fredag. Då sende Helse Fonna ut ei pressemelding der dei presiserte at underskotet ikkje vil gå ut over pasientbehandlinga, men at vedlikehald og investeringsbudsjettet neste år ville bli skadelidande. Det stadfester Langebro.

– Vi har sett i gang tiltak ved alle sjukehusa når det gjeld overtidsjobbing og ekstern innleige slik at dette blir redusert. Det er ingen særskilde tiltak for Odda. Totalt omset Helse Fonna for over tre milliardar kroner årleg, så sjølv om 40 millionar kroner er mykje er det ikkje så dramatiske tal.

– Må følge nøye med

Talsperson i aksjonsgruppa for Odda sjukehus, Trygve Bolstad seier at det ikkje er noko som tyder på at dette vil få konsekvensar for akuttkirurgien, men han vil likevel følge nøye med.

– Eg blir alltid uroa av kutt, men det er ingenting som tyder på at dette vil få konsekvensar for akuttkirurgien. Det er likevel viktig at vi held nøye auge med situasjonen og at kommunen har ein god dialog med Helse Fonna, seier han.

Artikkeltags