Helse Vest-direktør tilrår avvikling

Kampen forsetter: John Opdal (H), medlem i aksjonsgruppa for Odda sjukehus, sier det var en knapp avstemning. – Det viser at vi fortsatt må jobbe for å videreføre akuttkirurgien ved Odda sjukehus, sier han.

Kampen forsetter: John Opdal (H), medlem i aksjonsgruppa for Odda sjukehus, sier det var en knapp avstemning. – Det viser at vi fortsatt må jobbe for å videreføre akuttkirurgien ved Odda sjukehus, sier han.

Artikkelen er over 2 år gammel

– Sjølv om den enkelte medarbeidaren i Odda blir vurdert som fagleg god og med god kompetanse, er det ikkje realistisk at eit akuttkirurgisk tilbod ved Odda sjukehus vil kunne innfri krava til kvalitet som blir stilt i Nasjonal helse- og sjukehusplan og traumeplan.

DEL

Det seier administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, til helse-vest.no.

Nilssen har lagt fram si tilråding for utviklinga av Odda sjukehus til styret i det regionale helseføretaket. Styremøtet er i Haugesund 4. april.

Nilssen tilrår å avvikla akuttkirurgien i Odda i tråd med vedtaket gjort på Helse Fonna sitt styremøte 7. mars.

I pressemeldinga skriv Helse Vest at anbefalinga som no er lagd fram viser til at sjukehusa i Helse Vest utgjer til saman eit trygt akuttilbod for innbyggarane i Odda-området og vil ta vare på dei akutt skadde og sjuke pasientane gjennom det etablerte traumesystemet i regionen.

«Blir akuttkirurgien avvikla, vil likevel avklaring av mindre skadar som til dømes brot, kunne skje ved Odda sjukehus. Det blir tatt røntgenbilete døgnet rundt på alle sjukehusa i føretaket, og dei blir beskrivne av vakthavande røntgenlege ved Haugesund sjukehus. Det blir lagt til grunn at det skal vere skadepoliklinikk ved Odda sjukehus», skriv dei.

Nilssen trekkjer også fram utfordringa knytt til rekruttering.

– Sjølv om den enkelte medarbeidaren i Odda blir vurdert som fagleg god og med god kompetanse, er det ikkje realistisk at eit akuttkirurgisk tilbod ved Odda sjukehus vil kunne innfri krava til kvalitet som blir stilt i Nasjonal helse- og sjukehusplan og traumeplan. Det gjeld krav til etablerte, trente team og til at det skal vere fleire kirurgispesialistar, både gastrokirurgar og ortopedar, på vakt. Spesialiseringa i medisinfaget vil fortsette å auke framover. Ekstern kvalitetssikrar understrekar også dette.

Artikkeltags