«Hordaland fylkesting ser det som særs avgjerande at den naudsynte kirurgiske akuttberedskapen ved lokalsjukehuset i Odda vert vidareført som i dag. Fylkestinget syner til at det einaste lokalsjukehuset i Hardanger har svært utfordrande geografi, topografi, og vanskelege veg- og vêrtilhøve. Fylkestinget vil difor sterkt understreka at Odda sjukehus framleis må ha eit akuttkirurgisk døgntilbod», står det i fråsegna som vart samrøystes vedteke sist onsdag.

Fylkestinget minner og om sitt samrøystes vedtak den 9. desember 2015 om at lokalsjukehusa på Stord og i Odda treng både medisinsk og kirurgisk akuttberedskap for å sikre eit fullverdig lokalsjukehus. Hordaland fylkesting oppmodar difor styret i Helse Vest i sitt styremøte den 4. april om å legga avgjerande vekt på dei samstemte fråsegnene, der alt frå helsepersonell til fastlegar og politiske organ i opptaksområdet går inn for framleis akuttkirurgi ved Odda sjukehus.

Kollbotn-initiativ

Saka var opphavleg ikkje på dagsorden då fylkestinget byrja det første av to møter sist veke. Fråsegna om akuttkirurgien vart vedteke etter initiativ frå Terje Kollbotn (Rødt) frå Odda.

– Tysdag gjekk eg på talarstolen og sa at det var to viktige møte den dagen; fylkestinget og styremøtet i Helse Fonna. Saka om akuttkirurgien vart følgt med stor interesse blant fylkespolitikarane. Mitt utkast vart med nokre mindre justeringar samrøystes vedteke neste dag, noko eg er veldig glad for, fortel han.

– Det øvste folkevalde organet i Hordaland har gitt eit klart signal om kva styret i Helse Vest skal vedta 4. april. Eg håper dei lyttar til det, seier Kollbotn.