Inviterer rikspartia til Odda 1. mai

LO mobiliserer for Odda sjukehus 1. mai. På bildet er Ørjan Andersson, Margit Jordal, Dijana Milcevic Saga og Terje Kollvbotn.

LO mobiliserer for Odda sjukehus 1. mai. På bildet er Ørjan Andersson, Margit Jordal, Dijana Milcevic Saga og Terje Kollvbotn. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LO i Indre Hardanger inviterer alle rikspartia i Norge ved sine partileiarar – eventuelt nestleiarar eller helsepolitiske talspersonar – til årets 1.mai i Odda, står det i ei pressemelding frå organisasjonen.

LO i Indre Hardanger vil gjere 1.mai til ei stormønstring for fortsatt akuttkirurgi og ei varig styrking av lokalsjukehuset.

«Etter tidenes 1.mai-tog til Odda Sjukehus vil alle partirepresentantane få eit innlegg på 3 minutt foran mange tusen folk og media. Då forventar vi eit klårt og utvetydig svar ja eller nei til å halde oppe akuttkirurgien ved Odda Sjukehus – og kvifor. Vi ber og om at partia legg fram korleis dei heilt konkret vil gjennomføre standpunktet sitt. Deretter vil det bli korte innlegg og spørsmål frå representantar frå heile lokalsamfunnet, før alle partia får eit sluttinnlegg», står det i meldinga.

Artikkeltags