Odda Parkering AS sette opp automaten på privat grunn utan løyve. No har grunneigar opparbeida gratis parkeringsplass på tomta

Ein feilplassert parkeringsautomat har skapt usemje mellom grunneigar og Odda Parkering AS. No flyttar parkeringsselskapet automaten, og grunneigar har opparbeida gratis parkeringsplassar på tomta rett ved sidan av den kommunale parkeringsplassen på Reinsnos.