Det opplyser Aga Haug i ei pressemelding.

«Jensson og kommunen er opptekne av at flygelet har stor kvalitet. Begge ønsker at flygelet skal brukast og haldast godt ved like for lokale talent og konsertoppsettingar», står det i pressemeldinga.

Flygelet skal flyttast til Odda kino snarleg i samarbeid mellom Jensson og kommunen.

«Odda Kommune og Torstein Jensson har samarbeidd godt med å legga til rette for dette no. Begge partar er vil framheva den store kvaliteten flygelet har. Begge partar er opptatt av at musikarar, musikkelevar og publikum får gode opplevingar med Steinway-flygelet i åra framover», skriv ordføraren.

– Eg er glad for at vi skal ta hand om flygelet, og at det skal plasserast i Odda kino, vår største konsertarena, seier Aga Haug til HF.

– Torstein Jensson og eg har hatt gode samtalar, eg vil rosa han for det gode samarbeidet slik at vi fekk dette til, understrekar han.

Flygelet i Formannshuset er kjent langt utanfor Odda sine grenser, og er av enkelte kalla «verdas beste flygel».