Nytt tilfelle av koronasmitte

Ein person er stadfesta smitta av Covid-19 i Ullensvang kommune tysdag.

DEL

Det melder ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding. Det skal dreie seg om importsmitte, altså at personen har blitt smitta utanfor kommunen.

- Vedkomande er utan symptom. Ein av nærkontaktane er i karantene så langt, melder ordføraren.

Det er det sjette tilfellet der ein person i kommunen har testa positivt for Covid-19 i haust. Alle dei fem andre var personar i same husstand som blei smitta etter at ein av dei hadde vore i utlandet og blitt smitta der.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken