Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Eidfjord

Det har i løpet av søndagen kome eitt nytt smittetilfelle i Eidfjord kommune tilknytt Lægreid skule.

«Det har vorte utført smittesporing, og planlagt testing med dette som bakgrunn. Me har delt ut hurtigtestar der det er aktuelt», opplyser Eidfjord kommune i ei pressmelding.

Kommunen har eit avgrensa tal hurtigtestar og har ikkje høve til å dela ut til andre enn dei som er kontakta.

«Andre som har symptom må ta kontakt med legekontoret i morgon for å få utlevert hurtigtest»; står det i pressemeldinga frå søndag 9. januar.

Eidfjord kommune oppmodar alle om å ha godt smittevern:

  • hald avstand
  • ha god hoste- og handhygiene
  • hald deg heima ved sjukdom

Kommentarer til denne saken