Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle er uavhengig av skulen

Det er ikkje bekrefta nye smitta knytt til Lægreid skule. Men det er meldt om eitt nytt smittetilfelle uavhengig av skulen.

– Det er god oversikt over smittesituasjonen i Eidfjord kommune per no, melder kommunen onsdag ettermiddag.

Fredag 7. januar vart det påvist to koronatilfelle i Eidfjord, der den eine smitta var elev ved Lægreid skule. Søndag melde kommunen om eit nytt smittetilfelle knytt til skulen.

– Det har vore gjennomført nødvendig smittesporing, og planlagt testing ut ifrå dette. Me har delt ut hurtigtester der det er aktuelt, skriv kommunen i oppdageringa si onsdag.

Kommunen oppmodar alle om å ha godt smittevern, halda avstand, ha god hoste- og handhygiene og å halda seg heime ved sjukdom.

Det er dei nasjonale råd, tilrådingar og retningsliner som gjeld. Eidfjord kommune fylgjer desse, du finn alle reglane på koronasidene til regjeringa, skriv kommunen.

Andre med symptom vert oppmoda til å ta kontakt med legekontoret for å få utlevert hurtigtest eller laga avtale til test.

Kommentarer til denne saken