Nytt koronatilfelle i kommunen — ikkje reisesmitte

Kommunen melder onsdag ettermiddag at det er eit nytt tilfelle av covid-19 i Ullensvang.

DEL

— Vedkommande er innbyggar i kommunen. Dette er ikkje reisesmitte, melder ordførar Roald Aga Haug.

Personen skal ha milde symptom, og ordføraren skriv at det er kjent smitteveg.

— Vedkomande har tre nærkontaktar som er sette i karantene, opplyser han.

Dette er det andre stadfesta tilfellet denne veka. Totalt er det no 19 personar som har vore smitta av koronaviruset i Ullensvang kommune,

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken