Gå til sidens hovedinnhold

Nytt covid-tilfelle, besøkskontroll ved sjukehuset og drop-in-vaksine neste veke

Totalt er det 15 personar som no er i isolasjon i Ullensvang, melder ordføraren fredag ettermiddag.

Det er kjend smitteveg hjå alle med påvist smitte.

– Det er ikkje registrert omikron-varianten hjå oss, skriv ordførar Roald Aga Haug.

Fredag melder han at mange tidlegare smitta er komne ut av isolasjon.

Ordførar informerer òg om besøkskontroll ved Odda sjukehus, om drop-in-vaksinering neste veke og om bruk av munnbind.

Kontrollerer besøk ved sjukehuset

Ifølgje ordføraren er det innført besøkskontroll ved Odda sjukehus.

Slik er kontrollen:

  • Besøk må begrensast til maks ein besøkjande til kvar pasient kvar dag.
  • Besøket bør avgrensast til ein halv time om pasienten ligg på fleirsengsrom og éin time om pasienten ligg på einerom.
  • Det er fint om det er dei same personane som kjem på besøk over tid.
  • Besøkstid er mellom klokka 17.00 og 18.30 alle dagar.
  • Besøkjande skal bruka munnbind når dei er på sjukehuset.
  • Pårørande og besøkjande som har luftvegssymptom eller er i karantene, skal halda seg heime.
  • Pasientar med uavklart covid-19 skal ikkje ha besøk.
  • Det blir lagt til rette for besøk til born og unge, kritisk sjuke og døyande pasientar.
  • For alle andre ber ein om minst mogleg besøk.

Vaksinering torsdag

Det er drop-in-vaksinering i Tyssohallen torsdag 16. desember frå klokka 11 til 18.

– Det skal gå fem månader mellom 2. og 3. dose. Me kan ikkje vaksinera deg om du har kortare intervall, melder helsetenesta.

Munnbind

– Det skal brukast munnbind alle stader der ein ikkje kan halda ein meters avstand, til dømes i daglegvarebutikkar, er meldinga frå Ullensvang kommune.

Kommentarer til denne saken