Stavkyrkjene i Noreg er eldre enn vi har trudd

Røldal Stavkyrkje. Illustrasjonsfoto

Røldal Stavkyrkje. Illustrasjonsfoto

Av

Ein ny metode måler alderen til stavkyrkjene meir nøyaktig enn tidlegare. Metoden har vist at kyrkjene er eldre enn først antatt.

DEL

Før målte ein alderen til stavkyrkjene ved å telje årringar med lupe, men no kan ein nytte såkalla fotodendro, som inneber å fotografere mengder av materiale og få betre data, skriv Gemini.

– No veit vi alderen på ein del stavkyrkjer nærast på året, seier Terje Thun. Han er ein av Noregs fremste ekspertar på dendrokronologi, eller datering av årringar.

Thun fortel òg at mange av stavkyrkjene er mykje eldre enn først antatt. Urnes stavkyrkje, som tidlegare var anslått til før år 1100, vart bygd av tømmer frå år 1069 og 1070. Den yngre delen av kyrkja er datert til 1129 og 1130.

Også fleire andre stavkyrkjer har fått nye og meir nøyaktige dateringar med den nye metoden.

Artikkeltags