Skal felle 55 villreinbukkar til testing av skrantesjuke

Bakgrunnen for den storstilte jakten, er utbruddet av skrantesyke (CWD). Ved å ta ut hele stammen håper man å fjerne den dødelige dyresykdommen fra norsk jord.

Bakgrunnen for den storstilte jakten, er utbruddet av skrantesyke (CWD). Ved å ta ut hele stammen håper man å fjerne den dødelige dyresykdommen fra norsk jord. Foto:

Av

Miljødirektoratet har vedteke å felle 55 villreinbukkar i Nordfjella for å eventuelt kunne friskmelde bestanden for skrantesjuke.

DEL

– Dessverre er avliving nødvendig for å ta prøvar som kan gi sikre svar på om ein rein er smitta av skrantesjuke. For å friskmelde bestanden i Nordfjella sone 2 i samsvar med kriteria til Mattilsynet og målsettinga om framdrift er det nødvendig med ei større mengde prøver og dermed eit større uttak enn det som vart gjort i jakta i fjor, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Avgjerda om feilinga er teken i samråd med Mattilsynet og på bakgrunn av råd frå sentrale fagmiljø.

Nordfjella villreinområde strekker seg over fylka Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane.

I mars 2018 vart dei siste dyra i den smitta villreinbestanden i Nordfjella Sone 1 teke ut av personell frå Statens naturoppsyn. Til saman vart det skote rundt 1.400 villrein i området frå seinhausten 2017. Det vart her påvist skrantesjuke hos 17 dyr.

Skrantesjuke er ein såkalla prionsjukdom, og vart første gong påvist på villrein i Europa i Nordfjella i mars 2016. Han rammar hjortedyr og minner om skrapesjuke hos sau og kugalskap hos storfe.

Sjukdommen fører til at hjernen langsamt blir eten opp. Etter kvart byrjar dyra å sikle, skjelve og vakle. Til slutt døyr dei.

Artikkeltags