Krev gransking av Mattilsynet etter felling av villrein

Av

Miljøvernforbundet krev gransking av Mattilsynet etter vedtaket om felling av 6.000 bukkar. Mattilsynet avviser kritikken.

DEL

Klagen kjem i etterkant av ei rekkje hastetiltak frå Mattilsynet for å stoppe skrantesjuka, skriv Nationen.

Les og: Nye planar for villreinområde på Hardangervidda vekkjer uro

Miljøvernforbundet meiner Mattilsynet kom for seint i gang med generell kartlegging av skrantesjuka då ho blei påvist i 2016. I klagen skriv NMF at det ikkje ligg føre ein plan for kartlegging av skrantesjuke blant villreinen, eller ein plan for korleis myndigheitene vil sørgje for at bestanden blir varetatt.

Karen Johanne Baalsrud, direktør i avdeling for planter og dyr i Mattilsynet, seier hastetiltaka er basert på vitskap og fagkunnskap, og at dei gjer det som er naudsynt for å sikre ein frisk bestand i framtida.

Artikkeltags