Villrein med vestleg trekk

Måndag opplyser oppsyn Torleif Fresvik at dyra er på veg vestover.

Måndag opplyser oppsyn Torleif Fresvik at dyra er på veg vestover. Foto:

Frå torsdag kan jegerar kryssa grensene mellom statsalmenningane, men Eidfjord fjellstyre opnar ikkje hyttene for utanbygds.

DEL

– Det er forskjellige ordningar for overnatting for jegerar med kort frå HA-280 (Røldal), HA-281 (Odda), HA-282 (Ullensvang) og HA-283 (Eidfjord) som frå torsdag kan jakta på dei forskjellige statsallmenningane. Eidfjord Fjellstyre sine hytter er berre for innanbygds jegerar, opplyser Torleif Fresvik som er leiar i Røldal fjellstyre.

Les og: Opnar grensene for å sikra CWD-prøvar

Ullensvang Fjellstyre sine hytter er tilgjengelege for utanbygdsbuande jegerar om det er plass, der må ein bestilla plass bestillast via Inatur. Odda Fjellstyre sine hytter er fullbooka ut jakta.

– Røldal Fjellstyre sine hytter er tilgjengelege for utanbygds jegerar om det er plass. Ingen bestilling, men innanbygds har fortrinnsrett om det er fullt, forklarar fjellstyreformannen.

Vidare er det og sjølvbetjeningshytter på Sandhaug, Litlos og Hellevass. Fresvik, som har oppsyn med jakta for Statens naturoppsyn, melder måndag at reinsdyra er no begynt på vestleg trekk.

Søndag var det mellom anna villrein ved Gjuvsjå, som var som var lengst vest av det Statens naturoppsyn har «kontroll» på. Dyr som var i Mårsnosområdet søndag var og på veg vestover. Også to flokkar, med om lag 400 og 150 dyr, vart observerte i vestenden av Vråsjå på veg vestover.

Fleire flokkar passerte vestover sør for Langesjå (sør øst på vidda i Tinn) måndag. Måndag vart det jakta på nordsida midt på Bitdalsvatnet. Dyra trakk vestover etterpå.

Artikkeltags