Vil ha lang tunell for reinstrekk

Illustrasjonsfoto frå dagens E134over Haukelifjell.

Illustrasjonsfoto frå dagens E134over Haukelifjell. Foto:

For å sikra at villreinen kan trekka mellom Setesdal og Hardangervidda vert det bedt om lang tunnell på nye E134 over Haukelifjell.

DEL

«I sin planlegging av ny E 134 er Statens Vegvesen (SVV) pålagt økonomiske føringer vedtatt i kommunedelplan og nasjonal transportplan. Ut fra det mandatet kan ikke SVV planlegge med den lange tunnelløsningen som kunne bedret reinens mulighet for trekk mellom våre to største villreinområder, men er bundet til kort tunnelløsning», skriv Villrein.no.

Slik planane ser ut no betyr dette at det vert ein tunnel frå Røldal i vest til ein kilometer aust for Peparsteinen. Det skal og koma to mindre tunnelar aust og vest for Haukeliseter Fjellstove, men ved dei tradisjonelt viktige villreintrekka vert vegen open.

Om dette skal endrast må ein få på plass nye økonomiske føringar for prosjektet. Villrein.no melder vidare at ein må få ei ny, nasjonal politisk handsaming av saka.

Artikkeltags