Vil stenge populær turrute av omsyn til villreinen

Av

Turstien frå Haukeliseter til Hellevassbu er ein av dei mest populære innfartsportane til Hardangervidda på sommarstid. No vil fleire DNT-medlemmer stenge ruta for å gi plass til villreinen.

DEL

– Vi må flytte tilrettelagde turløyper, slik at villreinen kan få tilbake ein del av det beste beiteområdet sitt, seier Jan Øvregård, DNT-medlem og villreinforkjempar, til NRK.

I ei høyringsutsegn til ny regional forvaltingsplan for Hardangervidda tilrår 13 aktørar eit prøveprosjekt med å stenge turløypa til Den Norske Turistforening til Hellevassbu.

Artikkeltags