Nye planar for villreinområde på Hardangervidda vekkjer uro

Forkjemparar for villrein reagerer på at det nye forslaget til regional plan for Hardangervidda føreslår mindre strenge reglar for fleire villreinområde.

DEL

– Vi er kritiske til at ein allereie no vil gjera villreinområde til mindre restriktive soner, seier fagkonsulent til Anders Mossing ved Norsk Villreinsenter Sør til NRK.

Uttalen kjem i samband med at det er føreslege å gjera om seks villreinområde i Odda og Ullensvang til mindre strenge område. I Valldalen i Røldal ønskjer til dømes grunneigarar at delar av villreinområdet blir gjort om til stølsområde.

Kritikarane fryktar dette også skal føra til hyttebygging i området og til dårlegare tilhøve for villreinen. Grunneigarlaget i Røldal seier på si side at det ikkje finst nokon hytteplanar for området.

Dersom reglane for villreinområdet blir forandra, meiner Norsk Villreinsenter Sør at ein må utvida andre delar av det nasjonale villreinområdet.

Senteret viser elles at trenden fleire stader i Telemark – som forvaltar villreinområdet på Hardangervidda saman med Hordaland og Buskerud – er at ein heller utvidar det nasjonale villreinområdet framfor å gjera det mindre.

Artikkeltags