Korleis blir eldrepolitikken i nye Ullensvang? Torsdag får politikarane sjansen til å dela sine syn. Då inviterer Odda og Tyssedal pensjonistforening saman med Pensjonistforbundet sentralt til eit nytt møte om eldrepolitikk på Iris scene på Smelteverkstomta. Der skal representantar frå dei ulike partia som stiller til val få presentera eldrepolitiske saker i sitt program. Leiar av pensjonistforbundet i Noreg, Jan Davidsen, kjem for å halda eit innlegg før debatten.