Gå til sidens hovedinnhold

Eidfjord må betala for å få tenester frå Voss Aust veterinærvaktdistrikt

Eidfjord må betala for å få tenester frå Voss Aust veterinærvaktdistrikt

Artikkelen er over 3 år gammel

– Ingen kjem til å få desse tenestene kostnadsfritt.

Det seier Anders Gjøstein, ansvarleg for veterinærvaktordninga i Voss kommune. Kommunen er no i forhandlingar med veterinærane om korleis dei skal løysa at ein ny kommune også får tenestene deira.

Eidfjord har søkt seg inn i Voss Aust vaktdistrikt, med grunngjeving at det er kortare responstid enn i Indre Hardanger veterinærvaktdistrikt, som dei er del av saman med Odda og Ullensvang.

Då me snakka med einingsleiar Gunnar Elnan i Eidfjord og Anders Gjøstein for nokre veker sidan, vart det sagt at Eidfjord truleg kunne gå inn i Voss Aust utan inngangsbillett og at Voss har kapasitet til også å serva Eidfjord. No ser det ut til at det vert inngangsbillett likevel.

Indre Hardanger veterinærvaktdistrikt vedtok i fjor å yta 900 000 kroner årleg til tredelt vakt for å sikra ordninga fram til 2020. Med Eidfjord ute, har Odda og Ullensvang no auka sine lutar til 450 000 kvar for å halda oppe vaktordninga.

Ja utan å vita pris?

Måndag skal Eidfjord kommunestyre ta stilling til om dei vil søka veterinær hjelp frå Voss.

Formannskapet var samrøystes i saka vel vitande om at statleg vakttilskot til distriktet vert verande der. Dei kan ikkje ta med «sin del» inn i anna distrikt.

– Det vert arbeidd med avtale med veterinærane på Voss om ei vaktordning som inkluderer oss frå april, seier Elnan.

– Korleis skal Eidfjord ordna seg i mellomtida?

– Me må finna ei midlertidig ordning, svarar einingsleiaren som ventar på svar frå Voss når det gjelder framtidig teneste.

Forhandlingar

Voss kommune er no midt i forhandlingar med veterinærane om korleis organisera – og godtgjera – tenesta. Mellom anna vil dei søka etter ny veterinær for å få til ei firedelt vaktordning. Voss aust og Voss vest samarbeider om vaktordningar i seks kommunar.

– Det er harde tak. Både kommunen og veterinærane må gje.

– Søker de etter ny veterinær fordi Eidfjord kjem inn?

– Mi vurdering er at Eidfjord forsterkar problematikken og det me har diskutert. Me hadde og avtale med Modalen før Eidfjord kom i biletet. Hovudutfordringa er nedbemanning i landbruket og at nokre kvir seg for å bruka og tilkalla veterinær, svarar Gjøstein og legg til:

– Me har innrømt ganske mykje no. Ingen kjem frå det kostnadsfritt. Alle må inn med økonomiske ressursar.

– Kva vil nyordninga kosta?

– Det er litt tidleg å seia. Me er midt i forhandlingar, men eg vil tru me må inn med i alle fall 1,3 millionar for å få endane til å møtast. Men det er mange å fordela det på, svarar han.

– Det er ingen dans på roser, dette. Det er krevjande arbeid. Veterinærane skal og leva som vanlege folk og ha eit liv. Når staten ikkje vil, må kommunane inn, slår han fast, og fortvilar over at staten pålegg kommunane oppgåver utan at det nødvendigvis følger kroner med for å gjennomføra.

Heile døgeret frå våren

– Fram til 1. april, då me skal inngå ny vaktavtale, må Eidfjord finna eiga løysing, seier Gjøstein.

Voss har opsjon på å forlenga avtalene med dagens veterinærar, men vil lysa etter ein i tillegg.

– Tidlegare har me berre hatt avtale på vakt for ettermiddag, helg og natt. No vil me endra avtalene til også å gjelda dagtid.

Fokus: klinikk

– Vårt fokus no er å få ny smådyrklinikk på Voss. Dagens klinikk har berre plass to veterinærar, men det er trong for tre. Me jobbar for ny tomt på Skulestad, der det kan det stå ny klar om eitt til to år. Me må finna løysingar. Mange kundar reiser til Bergen med kjæledyra, fortel Gjøstein.

Dagens klinikk er privat driven. No går altså kommunen inn med avtale for å sikra veterinære tenester døgeret rundt – for både kjæledyr og husdyr.

– Ny klinikk er ein utruleg viktig faktor for å få nye veterinærar til å etablera seg og finna det interessant å slå seg ned her, slår den ansvarlege for veterinærtenesta i Voss- distrikta fast.

Kommentarer til denne saken