Vestland sa nei til utviding no

Av

Den nye fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland (Sp), og resten av fylkestinget i Vestland meiner tida ikkje er inne til å gjera eit nytt forsøk på å få Rogaland med i Vestland.

DEL

Tidlegare fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) hadde reist ein interpellasjon til fylkesordføraren bad han seia seg einig i at Rogaland bør bli ein del av Vestland, og om han vil ta initiativ til samtalar med Rogaland for å få dette til.

Må respektera nei frå Rogaland

På fylkestinget onsdag svarte den nye fylkesordføraren at Vestland fylkeskommune skal sitja i førarsetet for utviklinga av heile Vestlandet, men han peikte samtidig på at Rogaland tydeleg har sagt frå om at dei ikkje er klare for ein nye runde med samanslåing, noko dei tidlegare har sagt nei til.

– Det må me respektera. Eventuelle drøftingar om strukturane i framtida bør skje på grunnlag av eit folkevalt ønske om deltaking i ein stor vestlandsregion, sa Askeland.

Han viste også til at eit fleirtal av partia i Vestland ikkje meiner tida er inne for nye rundar om samanslåingar og strukturendring. Sjølv meinte fylkesordføraren at Vestland no treng arbeidsro til å byggja det nye fylket til beste for innbyggjarane.

Nystarting av Vestlandsrådet

Samtidig peikte han på at Vestlandsrådet no blir starta opp igjen i ny form som eit knutepunkt for Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal.

– Denne moglegheita til å leggja tyngd i denne møtestaden om utvikling av landsdelen, om felles utfordringar og felles prosjekt, må me gripa. Det er også eit naturleg fora for å drøfta maktfordeling mellom statsmakt og Vestlandet, sa Askeland.

Nøgd med å ha sett dagsorden

Trass i at Hestetun ikkje fekk med seg fylkesordføraren og fylkestinget på forslaget sitt, var ho likevel svært nøgd med debatten.

– Eg er kjempenøgd. Det viktigaste for underteikna var å setja dette på dagsordenen. At det er ulike meiningar om saka, må me tola. Det viktigaste er at saka ikkje blir lagt i skuffa, sa Hestetun som gjorde det klart at ho vil halda fram å kjempa for å få med Rogaland på laget og at ho ville hengja på den nye fylkesordføraren som ein klegg.

Artikkeltags