Miljøorganisasjon jublar over hurtigbåtvedtak

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Av

Fylkesutvalet i Vestland vedtok tysdag å snarast mogleg å fase inn nullutsleppshurtigbåtar. Miljøstiftinga Zero er veldig nøgde med at fylkesutvalet har gjort eit vedtak i tråd med politiske ambisjonar.

DEL

Vedtaket frå fylkesutvalet set krav til at nullutsleppsteknologi skal fasast inn fortast mogleg når hurtigbåtrutene i det nye storfylket skal ut på anbod i 2022. Noko som òg er i tråd med ambisjonane om nullutslepp som tidlegare har blitt vedteke i fylkestinget i Sogn og Fjordane.

– Det vil bli det første anbodet i verda, vi veit om, som stiller krav til utsleppsfrie hurtigbåtar, seier teknologiansvarleg Marius Gjerset i Zero til NPK.

Følgde ikkje fylkesrådmannen

Under eit møte i fylkesutvalet i Vestland 13. november fremja påtroppande fylkesrådmann eit forslag om at dei nye miljøanboda i Sogn og Fjordane skulle gjennomførast som ein tostegs prosess, der drifta i ein overgangsperiode ville bli løyst med separate kontraktar med konvensjonelt drivstoff, for deretter å bli erstatta med kontraktar med låg- og nullutsleppsløysingar i perioden 2024–2026.

Fylkesutvalet tok ikkje stilling til forslaget då og valde å utsette avgjerda til møtet tysdag. Berre representantane frå Frp og FNB røysta for forslaget til fylkesrådmannen. Resten av fylkesutvalsmedlemmer røysta for å fase inn nullutsleppsteknologi så for som mogleg.

– Forslaget frå fylkesrådmannen innebar meir utsetting og ein meir uklar prosess for når nullutsleppsløysingane ville bli gjennomførte. No har politikarane slått klart fast at dei ønskjer å gjennomføre dette no, i tråd med tidlegare vedtak, seier Gjerset.

Opnar for utviklingskontraktar

Sjølv om det nye vedtaket stort sett er i tråd med tidlegare vedtak frå fylkestinget i Sogn og Fjordane, er det nokre mindre justeringar knytt til dei lengre hurtigbåtsambanda, den såkalla rutepakke 1.

«For rutepakke 1 ønskjer fylkesutvalet å gjennomføre ein alternativ anskaffingsprosess, til dømes ein utviklingskontrakt, der målet er høve til nullutsleppsteknologi frå start av ny kontrakt frå mai 2022, og krav til det seinast innan 2 år inn i ny kontraktsperiode frå 1. mai 2024,» skriv Vestland fylkeskommune.

– At ein legg opp til ei utviklingskontrakt for dei lenger sambanda, trur eg er fornuftig. Vi ser framleis at det er tydelege ambisjonar om å få på plass nullutslepp, også der, frå 2022 og seinast frå 2024, fortel Gjerset.

Artikkeltags