Bil køyrde av vegen og inn i frukthage

DEL

Klokka 19.46 søndag vart Vest politidistrikt varsla om at ein bil hadde køyrd av vegen ved Skredhaugen på Lofthus. Bilen hamna i ein frukthage.

– Sjåføren er oppegåande og bevisst, men klagar på smerter i ryggen, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker til Hardanger Folkeblad.

Politi og ambulanse rykka ut til staden, og sjåføren vart send til Voss sjukehus. Det er sikra blodprøve.

– Der vert oppretta sak, og førarkortet er beslaglagt, seier politibetjent Arne Olsen måndag.

Artikkeltags