Dette er du pliktig til ved viltpåkøyrslar

Elg: Funnen av ettersøkgruppa i Odda.

Elg: Funnen av ettersøkgruppa i Odda.

Artikkelen er over 2 år gammel

Sakshandsamar for vilt og skog i Odda og Ullensvang ber folk vere merksame på vilt langs vegen framover.

DEL

– Hittil har det vore som normalt med påkøyrslar, men det er no når snøen pressar dei ned mot vegen at problemet blir størst, seier sakshandsamar for vilt og skog i Odda og Ullensvang Rolf Erling Loe.

Han oppmodar folk om å ferdast forsiktig på vegane for å unngå påkøyrslar.

– Det er å følge med på varselskilta, samt å vere ekstra observant og senke farta i område ein veit at det er hjort. Når det er mørkt bør ein halde ekstra auge med vegkanten. Trekktidspunkta til dyra er kveld og morgon då flyttar dei seg mellom høgtliggande og lågtliggande område.

Meldeplikt

Loe fortel at det primært er hjort som skaper problem i Odda og Ullensvang, men at det og er ein del elg sør for Skare langs E134. Han er klar på kva bilistar skal gjere om dei køyrer på vilt.

– Først og fremst skal ein ringe politiet. Det er ein pliktig til ved viltpåkøyrslar. Dersom ein ikkje kan vente på plassen må ein og merke godt både på plassen og i retninga dyret tok etter påkøyringa. Når ein har gjort det har ein gjort det ein skal.

– Ved funn av vilt i utmark skal ein og melde frå, då til kommunen. Både ved funn i utmark og påkøyrslar er det viktig å påpeike at dyra skal testast for skrantesjuke. Det er det fallviltgruppa som gjer. Fallvilt er kommunal eigedom, legg Loe til.

– Vestsida og Hildal

– Det går ut på å reise ut når vi får melding av politiet om påkøyrslar, eller dersom vi får melding om dyr som ser sjuke og dårlege ut. Det siste skjer særleg om våren etter tunge vintrar, seier Salm Sjurstræ.

Han er med i fallviltgruppa og ein av dei som driv med ettersøk etter påkøyrslar i Odda. Seinast på søndag var han ute og søkte etter hjort som var påkøyrd.

– Det var på Hildal. Då klarte dyret seg greitt og vi let det gå. For ein månad sidan var eg ute på Digranes. Der var ei kolle påkøyrd. Ho hadde brekt begge frambeina, så vi måtte avlive ho.

– Hittil i år har det ikkje vore så mange påkøyrslar, men for tida høyrer eg at det skal vere ein del hjort på Vestsida, og på Hildal, legg han til.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken