Redaktøren tar turen ut i sentrum for å dela ut is: – Det er jo nesten umogleg å jobba i denne varmen

-  Vi har ei rekkje brennheite nyheiter i dagens avis. Kombinert med varmt vêr treng sikkert folk å kjøla seg ned litt, seier Sjåstad

-  Vi har ei rekkje brennheite nyheiter i dagens avis. Kombinert med varmt vêr treng sikkert folk å kjøla seg ned litt, seier Sjåstad Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det vart eit heitt morgonmøte i Hardanger Folkeblad fredag. HF-redaktør Eivind Dahle Sjåstad nekta å gå inn på kontoret etter møtet og gjekk heller ut for å kjøpa is.

DEL

- Akkurat no gler eg meg mest til vinter og skikøyring i Røldal. Det er jo nesten umogleg å jobba i denne varmen, seier redaktør Eivind Dahle Sjåstad.

Han gjekk derfor ut for å kjøpa inn is som han rundt klokka 12:00 fredag har tenkt å dela ut til folk i Odda sentrum saman med salskonsulent i Hardanger Folkeblad, Magne Lien.

-  Vi har ei rekkje brennheite nyheiter i dagens avis. Kombinert med varmt vêr treng sikkert folk å kjøla seg ned litt, seier Sjåstad som derfor kjem til å dela ut is til folk som vi ha.

Han legg til at han stort sett synst det er kjekt med sol og varme om sommaren.

- Store delar av redaksjonen og marknadsavdelinga har ferie no og eg får mange meldingar frå vener og kollegaer om badeliv og terassekos. I dag vart det litt for mykje og temperaturen vart om mogleg endå høgare på morgonmøtet, forklarer redaktøren.

 Meteorologane melder om noko kjøligare vêr for dei neste dagane og litt regn i helga.

- Ja, det er typisk no når det endeleg er helg. Eg er ingen ekspert, men eg trur det fine vêret kjem til å halda seg fram til jul. I så fall vert det fleire rundar med is andre plasser i distriktet vårt, lovar redaktøren.

Artikkeltags